Kjerstin Holm Carlsen smiler

Kjerstin Holm Carlsen

Kjerstin Holm Carlsen
Kjerstin Holm Carlsen
Eg heiter Kjerstin Carlsen og bur på Hafslo i Luster kommune, Sogn og Fjordane. Utdanninga mi er sosionom, med vidareutdanning i rusproblematikk og psykisk helse, og eg har dei siste 20 åra jobba både som saksbehandlar, rådgjevar og miljøterapeut.

Mange vaksne slit med sjølvbilete sitt. Sjølvbilete er plattformen vår. Når livet blir tøft, er det ei ekstra utfordring når plattformen ikkje er solid nok.

No ynskjer eg å engasjere meg i Barnas Plattform og undervise i verktøy som styrkar barns sjølvbilete. På den måten kan eg bidra til at fleire får ein trygg plattform å stå på tidleg i livet sitt. Det er veldig motiverande å kunne gjere ein tidleg innsats.

Verktøya i Barnas Plattform verkar dessutan både reparerende og forebyggende. Dette passar for alle!