Mirjam Tverberg

Vil gjerne starte med å takke for din varme velkomst og den inkluderingskjensla eg sit igjen med etter desse to helgene eg har vore så heldig å fått vere ein del av teamet! Du er for meg ei eldsjel av dei sjeldne, ein utruleg motivator og dyktig leiar! så om ikkje det var nok, så kjem du jammen meg med eit fantastisk opplegg kring «Kva er Barnas Plattform – visjon og verdiar»
 
Kurset var eineståande og intenst! Utruleg lærerikt og SÅÅÅ nyttig!! Konkret, og matnyttig. Geniale verkty – så enkelt og likevel så effektfullt! Mange gode eksempler på vegen som gjer det heile veldig rørande og så spesielt! Tenk at eg er så heldig som er ein del av dette viktige arbeidet!!
 
I tillegg er eg så heldig som har mi tidlegare studieveninne Sølvi-Ann til makker! Me har jobba mykje ilag då me tok lærarutdanninga vår, og eg veit me utgjer eit bra team i saman!! No gler me oss begge til å gjere Barnas Plattform kjent for alle innbyggarane i Sogn og Fjordane!

Mirjam Tverberg, Sogn og Fjordane