Flere barn leker med store såpebobler i skolegården

Rektoren

«Heim – skule er eit satsingsområde for Kaupanger skule. Me ønskjer at foreldra skal ha forventningar til oss samstundes som me må få lov til å stille krav/forventningar til foreldra. Skulen har i dag ein god struktur på samarbeidet, og foreldra signaliserer til borna sine gjennom ord og handling at skulen er viktig. I tillegg er dei flinke til å støtte skulen i samarbeidet rundt enkeltelevar/klassemiljøutvikling.

Med ”barnas plattform” har me fått eit kvalitetsprodukt som vil heve samarbeidet til eit nytt nivå. Kvalitet i foreldrerolla er heilt avgjerande for at borna skal få eit lukkeleg liv. Skulen sine faglege og sosiale resultat er heilt avhengig av at foreldra tek oppgåva si på alvor. Relasjonar må byggjast tidleg om dei skal vare livet ut. Dette konseptet er nyskapande. Det er metodisk godt oppbygt og har gode innfallsvinklar til å kome frå ord til handling. Å arbeide med haldningar og eigen veremåte er ein tolmodigheitsprøve av dimensjonar. Difor er det viktig at me ser føre oss ei utprøving over tid. Eg er rimeleg styrka i trua på at ”barnas plattform” vil hjelpe foreldra på Kaupanger til å få ein betre kvardag prega av harmoni og positivitet. Dette vil me hauste godt av i skulen.Konseptet er lett å ta i bruk og det er ein fin balanse mellom teori og praktiske vinklingar.

God sjølvkjensle og sjølvtillit knytt opp mot empati er nøkkelord i plattforma.Det skal bli spanande å få lov å arbeide med dette konseptet over tid – saman med foreldra- på individ- og klassenivå. Målet må vere å nå vidare mot skulen sin visjon: ”Me gler oss, kvar dag! ” Tenk om alle elevane våre kunne vakne kvar morgon og gle seg til å gå på skulen. Då må dei i alle fall ha ei god sjølvkjensle og eit skulemiljø prega av inkludering og likeverd. Målet må vere at elevane som går ut frå Kaupanger skule skal klare seg utan ”støttehjul”. Eg har tru på at ”barnas plattform” vil hjelpe oss på vegen. Dette er ”ekte vare” og eit godt verkty.”

Geir Navarsete – rektor Kaupanger skule

Les mer om våre kurs